PENSJONERING ELLER FRAMLEIS YRKESAKTIV?
Ny folketrygd er klar frå 2011, men ny AFP og tenestepensjon i offentlig sektor er ikkje endeleg fastlagt – trass tariffavtalen. Bruttoordninga med 66% av sluttløn (ved 65 år og 30 års tenestetid) er viderført, så vi reknar som om dagens regler blir vidareført.OBS, du som har opptente rettar i ei offentleg tenestepensjonsordning beheld desse sjølv om systemet blir endra på eit seinare tidspunkt.

På dette kurset vil vi difor kunne gje deg økonomiske konsekvensar av alle mulige val.
For kven/ målgruppe
Personar i alderen 60 år og oppover som er tilsette i stat, kommunar, fylkeskommune og andre offentleg eigde verksemder. Kurset er også aktuelt for personar som går ut av arbeid før fylte 60 pga uføretrygd/ førtidspensjonering, særaldersgrense m.v.
Føremålet med kurset
Å gje deltakarane:
- kunnskap om pensjonsreforma og evt. endringar i tenestepensjon og AFP for offentleg sektor
- forståing og kunnskap om reglar og rettar som knyter seg til pensjonsalderen.
- informasjon om kva som kan gjerast for dei som ynskjer å vere yrkesaktiv så lenge som råd.
- praktiske tiltak ein bør ta slik at ein kan starte planlegging av den ”3. karriera”.
Sjølv om alle brukar få individuelle konsultasjonar, er det KUN dei som har kryssa av på skjema som er garantert dette.

Stad Rica Brakanes Hotell, Ulvik
Dato 26 - 28 april 2010

Førelesarar

Harald Engelstad:
Er utdanna sosiolog, Cand. Sociol. Frå Universitetet i Oslo 1975.Aldersforsker ved Norsk gerontologisk institutt (i dag NOVA), og var deretter leiar av Fellesutvalget for forberedelse til pensjonsalderen (i dag senter for Seniorpolitikk). I 1988 etablerte han eigen verksemd som i dag heiter Seniorkurs Harald Engelstad, utgjevar av Pensjonsboka og skribent i bladet ”Vi over 60”.

Kurt O. Bjørnnes:
Han arbeider som advokat i Stavanger. Han har i ei årrekke undervist offentleg tilsette i stat og kommune i arbeidsrett og forvaltningsrettslege emner. I sin advokatpraksis arbeider han mykje med veiledning i forhold til arv og skifte. Bjørnnes nyttar ein utprega praktisk tilnærming til jussen.

For mer informasjon og påmelding se her

 
[ Tilbake ]
 
 
     
DigiMedia