LÆR MEIR OM PENSJON
Harald Engelstad sin gjennomgang av dagens (og morgendagens) folketrygd og offentlege pensjonsordningar vart lyst ut som eit eige kurs i Loen (hausten 2009). Det fekk strålande tilbakemeldingar frå personalmedarbeidarar, NAV tilsette og tillitsvalde og Kommunal Kompetanse gjev no same tilbodet til Dykk i Hordaland.

For kven/ målgruppe
Alle som gjev råd til tilsette om AFP, stillingsstorleik, pensjonar osv. Det er m.a.o. aktuelt for alle med personalansvar; leiarar, personalsjefar, personalkonsulentar. Dessutan vil NAV tilsette og tillitsvalde ha stor nytte av dette kurset.

Føremålet med kurset
Dette er ein del av kurset ”Pensjonering eller framleis yrkesaktiv” som vi no opnar for dei som ønskjer meir kunnskap om pensjonar ved at ein kan ta del på dei 2 fyrste dagane av dette kurset med førelesar Harald Engelstad. Han er ein av dei med best kunnskap om pensjonar her i landet, og som samstundes er ein utmerka førelesar. Informasjon om kurset ”Pensjonering eller framleis yrkesaktiv” finn ein på:

www.kommunal-kompetanse.no

Vi vil gje deltakarane:
- kunnskap om pensjonsreforma og AFP for off. sektor - forståing og kunnskap og reglar og rettar som knyter seg
til pensjonar og pensjonsalderen.
- oppdatering på seniorpolitiske verkemiddel

RICA Brakanes hotell i ULVIK måndag 26. – tysdag 27. april 2010

For mer informasjon og påmelding trykk her

 
[ Tilbake ]
 
 
     
DigiMedia