Kven får arbeidsmiljøprisen i år?
 
Fagforbundet Hordaland 06/02/2008
 
Fagforbundet i Hordaland, Utdanningsforbundet i Hordaland og KS deler i fellesskap kvart år ut ein arbeidsmiljøpris i samband med den årlege Arbeidsmiljøkonferansen i Ulvik. Kven som får prisen i år, veit vi ikkje enno, men vi håpar å få mange forslag.

Alle kommunar, fylkeskommunen og kommunale/fylkeskommunale bedrifter, er moglege kandidatar til prisen. Det kan og vere aktuelt å gje prisen til ei avdeling, ein institusjon eller ein skule innan dei kommunale/fylkeskommunale bedriftene.

Eit overordna kriterium for tildeling av prisen er at det må vera eit samarbeidstiltak eller eit partssamansett arbeid mellom arbeidsgjevar- og arbeidstakarsida, og at tiltaket kan stå som eit godt eksempel for andre.

Alle tilsette kan føreslå kandidatar til prisen. Forslaga kan sendast KS på e-post kshordaland@ks.no eller per post til KS, boks 7900, 5020 Bergen eller på faks nr. 24 13 26 56 innan 20. juni 2008.

 
 
[ Tilbake ]
 
 
     
DigiMedia